Kom og kvil dykk litt

KOM OG KVIL DYKK LITT

Forfatter: Reidun Laastad Dyvik er diakon ved sjømannskirken på Grand Canaria

Tidsskrift for fag og tro Nr.3 2009

Innleiing

Overskrifta på artikkelen er samanfallande med tema for fagdagen for KFSS i Oslo 31. oktober i år. I denne artikkelen vil eg fokusera på omgrepa kvile og rekreasjon fyrst og fremst i relasjon til eigne opplevingasom misjonær i austen og diakon ved Sjømannskyrkja – Norsk kirke i Utlandet. Innhaldet i artikkelen er fylgjeleg formidlar erfaringsbasert kunnskap.

Artikkeloverskrifta skriv seg frå evangelieteksten i Markus 6 der Jesus, etter at læresveinane har fortalt om alt dei har gjort og lært folket, tek til ordet og svarar slik: ”Kom med til ein einsam stad der vi kan vera aleine så de kan kvila dykk litt.”

Kan Jesu oppmoding, i denne eksempelforteljinga utvida vår forståing av den viktige samanhengen mellom kvila og grensesetjing, prestasjon og forventning? Kva kan Jesu tydelege behovsforståing og praktiske tilrettelegging bety for gudsbiletet vårt og vår oppfatning av eigenverd?  

 

Når hjelparen treng hjelp

Det siste halvåret har eg som stipendiat ved Institutt for Sjelesorg høyrd mange livsforteljingar som alle har hatt islett av utbrentheit og overbelastning. For mange handlar dette om manglande prioritering av kvila og rekreasjon, samt vanskar med grensesetjing og feilvurdering av personlege yteevne. Når menneske – uavhengig av stilling og stand – opplever utbrenning og overbelastning og manglande evne til å arbeide, vil behovet for langvarig kvile melde seg. Mine erfaringar i sjelesorgens rom har styrka overtydinga mi om sanninga i fylgjande utsagn av ein klok kollega: ”No må du ikkje gløyma å slakka på fjøra, for viss du ikkje gjer det ofte nok, kjem den til å slitna av seg sjøl, og då kan du sjå for deg resultatet.” Eller som engelskmennene seier:”Don’t stand when you can sit, don’t sit when you can lie”. Med andre ord er grensesetjing og førebygging viktig.

Sidan dette eg no skriv vert lese av ei yrkesgruppe som har omsorg som profesjon finn eg det relevant å ta med at over halvparten av dei konfidentane eg baserar mi stipendiatoppgåve arbeidde innan helse og omsorgssektoren.

 

Omgrepet kvila 

Omgrepet kvila vil kunna gje rom for ulike tolkingar og førestillingar. Vi assosierar stort sett omgrepet kvila med noko positivt og velmeinande, truleg litt gammalmodig og avlegs. I våre dagar er det meir vanleg å snakka om rekreasjon, å ta seg inn att, koma ”i balanse”, henta seg inn, ta seg oppatt o.l. Desse omgrepa har i grunnen ikkje same innhald, avdi dei antydar at det er noko som skal reparerast, og er såleis meir målretta enn omgrepet kvila. At slike uttrykk er ” in” i tida indikerar samstundes noko om prioritering og grensesetting. Vi ”stressar ned” for det fyrste fordi vi skal utføra eit eller anna etterpå, vi kvilar ikkje kun for å kvila. Dessutan kan det ha samanheng med at vi har kryssa ei grense for vår eigen kapasitet der vi nærmar oss ein slags emosjonell utmatting. Kvila har ingen eigenverdi for oss, men tener i staden til å gjere oss i stand til å utføra stadig meir.

Når kvile får den funksjon at vi skal klare meir, kan denne måten å tenkja på styre livsstil, levesett og prioriteringar. Då er det mi erfaring at kjelda lett kan gå tørr og eit ørkenliknande landskap ta over. Respekten for kroppslege og sjelelege grenser minkar og åndelege og lekamlege behov avtek. Kvila – i ordets rette forstand – er i så fall degradert og nedprioritert .

Det er interessant at Jesus, etter at han har lytta til læresveinane på oppsummeringsmøtet i Markus 6, etter kanskje tolv lange forteljingar, oppmodar han flokken til å fylgja med han avsides for å kvila. Han kunne jo for eksempel sagt noko i retning av: ”De greier nok ei økt til” eller ”Her er så mange som treng hjelp, så me kan nok ikkje ta pause enno.”

Omgrepet omsorg

I Johannes 10 les fortel Jeseus om forskjellen på den gode hyrdingen og den som er leigekar. Han seier: ”F.or han er berre leigekar og har ingen omsorg for sauane”. Som sann Gud og sant menneske hadde Jesus særlege føresetnader til å utøva omsorg. Evna hans til empati og innleving i relasjon til dei marginaliserte og til å uttrykkje nærverskompetanse var utan sidestykke. Tenk på Sakkeus og kvinna ved Sykars brøn. Jesus var direkte og til tider krass, men alt han sa og gjorde vart formidla ut frå eit ekte omsorgsengasjement. Han var den sanne diakon.

Om vi venter tilbake til vårt eksempel ser vi at Jesus, utan å kommentera prestasjonane til disippelflokken vil ha dei til å kvila. Når han tek initiativ er det tydeleg kun av omsut for læresveinane og utan baktankar som til dømes å nemna noko om neste oppdrag. Vi ser at kvila er utan betingelsar. Kvila er ikkje noko form for bonus eller premie, sjølv om Markus rettnok legg til som grunngjeving at: ”dei ikkje eingong fekk tid til å eta, for det var så mange som kom og gjekk.”

Eit anna interessant perspektiv kan også nemnast: Jesus gjorde ingen skilnad på flokken i kor lang pause dei skulle få. Han behandla samtlege likt når det gjaldt å få kvile, fortent eller ikkje og me kan spørja oss kva vi kan læra av ein slik innstilling.

Om å setja gode grenser

Spørsmålet: ”Kva må du gjera i dag for at folk skal vera glad du finns om 7 år?” kan hjelpe oss til å leve liva våre rett. Det handlar her om å utporsjonera livskreftene slik at vi ikkje forstrekkjer oss. Eg tenkjer at fordi grensene er gjevne av Gud, som har skapt meg og som kjenner muligheiter og grenser for dei evnene eg har , kan eg har frimodighet til å seia nei. For kva veit andre menneske om kor fullt eller tomt begeret mitt er, og korleis mitt indre landskap tek seg ut andre enn Den Gode Hyrding. I Salme 23 leser vi om korleis den gode hyrdingen let oss ”gå inn og ut og finna beite”, som ”dekkar bord for oss”, ”let oss liggja i grøne engar” og ”leier oss på dei rette stigar for sitt namns skuld”.

Eg vil gi nokre svært enkle døme på samanhengen mellom bøn og arbeid, mellom realistiske føretak og tiltak, grensesetjing og avmaktskjensle. Mange år attende befant dei fire borna våre og eg oss som einaste norske misjonsfamilie i ”mils omkrins” i ein storby i austen. Vi var langt heimanfrå og i tøft klima. Arbeidsoppgåvene hadde vore mange og krevjande. Yteevna mi var lav på det tidspunkt og evna til å prioritere var deretter. I denne perioden minnest eg at Gud gav meg to synlege og tydelege påminning som eg har lagt meg på minnet som evig aktuelle sanningar. Desse kan jamførast med den bibelsk setninga ”Når eg er svak, då er eg sterk”. I den situasjonen eg var i var det uaktuelt å stola på eigne krefter.

Situasjonen var slik: Eg hadde ansvaret for tilsyn med internatet og misjonærbustaden der vi budde. Tidleg ein morgon sat eg under eit tre i hagen som gav skugge. Eg hadde konstatert at eg ikkje makta å rikka grasklipparen og dermed klippe plenen. Bøna mi vart veldig enkel og bønesvaret vart veldig konkret. Etter eit kvarter dukka kome ein sterke person eller ”reddande engel” opp i form av ein amerikanske highschool studenten med kraftige joggesko og høge frottesokkar joggande forbi hagegjerdet der eg sat. Eg var snau til å bryta inn og presentera problemet mitt. ”No problem” var svaret hans.

I livsstilen min inngår det at eg har lært meg å godta mine begrensingar og eg har lært at eg ikkje er uunnværlig. I krevjande utfordringar, som til dømes i beredskap og kriserelatert arbeidsoppgåver, må eg leva med at døgeret ikkje har fleire timar enn elles, at kvelden kjem uansett, og at ein viss prosent av døgeret må nyttast til kvila.

I mange miljø kan det synes som om den ”prestisjelause avmakt” begrensa fysisk styrke er er langt lettare å akseptera enn når vår avgrensing dreiar seg om meir intellektuelle utfordringar. Rett nok aukar respekt for grensesetjing når sokalla ressurssterke menneske i høge og leiande stillingar som har ”møtt veggen” vel å vera open om helsa si. Det er eit tankekors at det er meir akseptabelt å bryta ankelen enn å vere nedkjørt emosjonelt. Det hender at ting har ein samanheng, som denne korte forteljinga illustrerar: ”Tenk at Vårherre måtte knekkja ankelen min før eg skulle skjøna at eg hadde behov for å ta det med ro”, sa misjonæren som til og med måtte ”nytta” ferien framfor å ”nyta den” inntil ho altså befann seg i ein lenestol med ankelen i gips..

Ved einkvar flyavgang vert vi minna om å utstyra oss sjølve med oksygenmaske før vi tenkjer på andre. Dette er naudsynt for i det heile å kunne vere i stand til å hjelpe andre. Ein kristen teologi må innehalda både forvaltar og sabbatsperspektiv. Desse to omgrepa kan eg ikkje gå nærare inn på her, men utfordrar lesarane til å bli fortruleg med. Kunnskap om dette vil kunna bidra til at vi i større grad skjønar at vi lever med gudgjevne grenser og ikkje brenn oss ut. Å få nok kvile vil førebyggja og medverka at vi kan unngå å oppleva ein tilstand som Roness (1995) definerar som utbrenning: Utbrenning er en tilstand av fysisk og mental utmattelse som følge av vedvarende emosjonelt press på arbeidsstedet”.

 

Avslutning – kilder til mot

” Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus” les vi i Bibelen. Likevel opplever vi at motløysa no og då er iferd med å siga innover nokon kvar, mellom anna fordi vi har gløymt å drikka av Kjelda med Levande vatn. Når vi jamnt og trutt ernærar oss av denne kjelda, kan vi få kjenna livsvisdomen i fylgjande sitat:

Eg sov, og drøymde at livet var glede

 

 Eg vakna og fann at livet var å tene

 

 Eg tente, og fann at tenesta var glede 

 

Avslutning – kjelder til mot

Når tema for fagdagen til KFSS har den håpefulle tittel “Kilder til mot”så gjev det trøystefulle og oppmuntrande assosiasjonar.Vi veit at den livgjevande kjelda aldri går tørr, så det er korkje meininga eller naudsynt å gå på tomgang.

På eit av mine uteljande sjukebesøk på Clinica Rocca, møtte eg eit ektepar som hadde hatt ei ubehageleg oppleving: i staden for å vera undervegs heim, vart mannen køyrd i ambulanse frå flyplassen der han hadde segna om – i innsjekkinga. I etterpåklokskapens vidunderlege lys – som det heiter – såg dei at hovudårsaka var mangel på vesketilførsel, noko som fekk alvorlege konsekvensar. Parallellen skulle vera klar.

Grensesetjing handlar om sjølvrespekt. Når ein arbeider med å setja sunne og realistiske grenser, må vi difor ta utgangspunkt i vårt eigenverd. Det å begrensa seg, handler om sjølvinnsikt og kvalitetssikring. Kanskje er dette så vanskeleg fordi vi lett ser på det å avgrensa seg som eit svakhetsteikn. Slik er det ikkje, og i periodar er det jamvel naudsynt å “ta livet inn med teskei”.

Utrykka som ”å møta veggen” og  ”å gå på ein smell” er eigentleg ganske treffande fordi vi kan assosiera med å dura blindt rett fram inntil vi brått og brutalt kolliderer med noko, noko kjem i vegen. I gamle dagar vart folk overanstrengde, og det uttrykket har ein annan klang. Vi assosierar det gjerne med at nokon verkeleg har anstrengt seg, gjort ein stor innsats som forståeleg nok føre til overanstrengelse. Dette gamle utrykket rommer meir innsikt og forståing for situasjonen enn det meir moderne uttykket ”å møte veggen”.

For å unngå dette treng vi alle å skaff oss og å definer vår oase inn i vårt daglege virke.

Lukke til!

Gå i Guds fred – Kvil i Guds nåde